Vi har god erfaring med å planleggje og organisere spennande opplegg for forskjellige skular og institusjonar (ungdomsskule, vidaregåande, folkehøgskule og barnehager). Enten dykk treng ein dags-eller fleire dagars opplegg, kan vi gje dykk eit spesial laga program med overnatting og aktivitetar.
Vi kan flette inn ulike læringsmomenter frå læreplanen(Kunnskapsløftet). Læringsmål frå idrett, naturfag, heimkunnskap eller norsk og matematikk kan integrerast i eit opplegg.
Viss dykk ynskjer aktivitetar som isklatring, klippeklatring eller bretur er det mange gongar ein fordel å dele klassen i to. Her er det fint med grupper på maks 12-14 elevar til 2 naturveiledere.
Ynskjer dykk klatring i Sognahallen(Sogndal), ski og fjellturar er det fullt mogleg å gjennomføre opplegg med grupper på inntil 25-30 personar.
Det er mogleg å lage tilpassa opplegg for nokre få elevar(små grupper) viss det er behov for det i ulike samanhenhengar.
Vi er opptatt av å gje kvalitet til elevane, dette oppnår vi best gjennom gjensidig samarbeid med dei ulike skulane og lærarar i dei ulike klassane.

Vi ynskjer samarbeid med andre institsjonar som kan vere interessert i å nytte seg av våre tenester tilpassa spesielle behov.
Barnehager som trenger hjelp til å utvikle og etablere naturleikeplass/ villmarksleir klikk her>>
Spesiall tilbod klatring i Sognahallen for skuleklasser sjå her>>
Sjå bildar frå Sogndalsdalen her, perfekt for skulegrupper